Ida er mini-journalist i Solund

I Solund kommune får alle ungdomar sommarjobb viss dei søker. Ida synest det er artig å få prøve seg som journalist.

I spalta «Min sommarjobb» får du møte unge menneske som brukar sommaren på læring, utvikling og spennande prosjekt i Vestland fylke.

Namn: Ida Elisabeth Lending (15 år)
Arbeidsgivar: Solund kommune

Kva går jobben ut på?

Denne sommaren jobbar eg som mini-journalist i Solund. Jobben handlar om å skrive artiklar om lokale hendingar og menneske – til dømes intervju med kunstnarar eller dekking av små og store arrangement. Sidan Solund ofte kan bli litt gløymd på kartet, er dette ei flott moglegheit til å løfte fram historier frå området vårt og vise kva som skjer her. Det er ekstra spennande fordi denne jobben har aldri vore tilbode her i Solund før, så det er gøy å vere med og få sjå korleis dette prosjektet utviklar seg.

Korleis fann du fram til jobben?

Eg søkte sommarjobb gjennom kommunen, og då blir ein tildelt ein jobb basert på behova og søknadane som kjem inn. Her i Solund får alle søkande jobb. Eg fekk tildelt denne rolla som mini- journalist, noko som var litt uventa, men interessant fordi eg aldri hadde høyrt eller vore med på noko lignande.

Kva er det mest spennande med jobben?

Det mest spennande med jobben er å få reise rundt, møte nye menneske og gjennomføre intervju. Eg likar eigentleg ganske godt å snakke med folk og høyre på historia deira – det er alltid noko nytt å lære frå kvar person eg møter. Det gir meg ei kjensle av å vere tett på lokalsamfunnet. Det er jo litt enklare for oss her i Solund å snakke med folk når alle kjenner alle.

Korleis får du brukt utdanninga di, eller interessene dine, i jobben?

Eg er eigentleg ganske usikker på kva interesser eg eigentleg har, men eg veit at eg er glad i å reise og oppleve nye ting – og det får eg gjort i denne jobben. Å få være ute i felt, sjå nye plassar i Solund og snakke med folk, gjer at eg føler eg får brukt den sida av meg sjølv.

Kva håpar du at du vil lære i løpet av arbeidsperioden?

Eg håpar eg lærer meir om korleis ein skriv eit godt intervju, og korleis ein bygger opp ein tekst som både er interessant og informativ. Mykje av arbeidet skjer på eiga hand – eg planlegg turar, intervju og skriv sjølv ilag med min “kollega”, så det å bli tryggare på sjølvstendig arbeid er noko eg også håpar på.

Kva erfaringar vil du ha med deg vidare?

Å få være mini-journalist gjer at eg lærer kor viktig det er å lytte, stille gode spørsmål og vere open for nye perspektiv. Eg trur dette vil gi meg betre sjølvtillit, og erfaringa med å jobbe aleine og ta ansvar for eigne oppgåver er noko eg vil ta med meg vidare – uansett kva eg gjer etterpå.

Kvifor valde du å takke ja til akkurat denne jobben?

For å vere heilt ærleg hadde eg eigentleg ikkje noko val – når ein søker hos kommunen, får ein tildelt ein jobb. Men no som eg er i gang, ser eg verdien i det eg får være med på. Det er heilt greitt – og litt kult – og få prøve seg som journalist. Eg er spent på kva anna eg kjem til å lære, og eg er glad for å være med på noko som er nytt her i Solund.