Ein sommar med berekraft og teknologi

Matias tok sats og flytta til Sandane for sommarjobben hos Nyvinn. Det angrar han ikkje på.

I spalta «Min sommarjobb» får du møte unge menneske som brukar sommaren på læring, utvikling og spennande prosjekt i Vestland fylke.

Namn: Matias Fonn
Utdanning: Sivilingeniør energi, UiB

Kva går jobben ut på?

Eg jobbar i Nyvinn, utviklingsselskapet til Sogn og Fjordane Energi. Dei har som mål å vere ei drivkraft for grøn vekst og berekraft i regionen, ved å utvikle prosjekt og støtte oppstartsselskap som tilbyr grøne teknologiske løysingar.

For tida jobbar eg med eit prosjekt som utforskar korleis vi kan hente ut verdifulle ressursar av avfall frå oppdrettsnæringa og landbruket, med særleg fokus rundt produksjon av biogass. Det finst store, uutnytta ressursar i avfall som t.d. fiskeslam, og målet er å integrere desse i ein sirkulær økonomi. Vi ser på korleis slike ressursar kan nyttast betre. Målet er å redusere utslepp og materialbruk, og sikre ny, berekraftig verdiskaping i regionen.

Korleis fann du fram til jobben?

Faktisk delvis gjennom karrieremessa «Ta steget», arrangert av Framtidsfylket Vestland i Grieghallen! Eg snakka litt med ein representant frå SFE på stand, men under festmiddagen på kvelden vart vi heilt tilfeldigvis plassert på same bord som to tilsette frå SFE.

Det var gjennom dette møtet dei fortalde meg om arbeidet deira, og eg vart svært interessert i å jobbe i ei slik bedrift. Eg sendte ein open søknad før sommaren, fekk intervju hos Nyvinn, og det dei haldt på med virka veldig fascinerande. Deretter fekk eg tilbod om sommarjobb, noko eg er svært takknemleg for.

Kva er det mest spennande med jobben?

Eg er kanskje i overkant glad i data og statistikk, og det arbeider ein mykje med her. Eg synast det er spennande å grave i tal og informasjon, og finne løysingar ut ifrå det. Også er det veldig kjekt å ha følelsen av at det ein jobbar med faktisk betyr noko, både for miljøet og vegen vidare for selskapet. Det var også svært interessant og få ei innsikt i alt dei driv med i SFE, for det var mykje meir enn eg visste frå før!

Korleis får du brukt utdanninga di, eller interessene dine, i jobben?

Eg utdannar meg til sivilingeniør innan energi på Universitetet i Bergen, og skal skrive master til hausten. Det er jo svært stas å få seg sommarjobb i ei energibedrift som SFE, der eg kan få brukt det vi har lært på studiet i praksis. Det er mykje fokus på berekraft og teknologiske løysingar på studiet, som eg håpar eg kan bidra med i Nyvinn.

Kva håpar du at du vil lære i løpet av arbeidsperioden?

Eg håpar at denne sommarjobben vil gje meg meir innsikt i korleis ein arbeider med berekraftig utvikling på ein økonomisk lønnsam måte, og kva nye teknologiar som finnast der ute og ventar på å bli tatt i bruk. Også korleis eit selskap som Nyvinn og SFE fungerer og opererer, og kva forventningar eg kan ha til det feltet eg skal arbeide med i framtida.

Kva erfaringar vil du ha med deg vidare?

Sjølvsagt mykje fagleg og ny informasjon, men kanskje aller viktigast: tanken om å tørre å hoppe i det. Å gripe sjansen når den er der! Kanskje kan det bli endå betre enn det ein hadde sett føre seg. Dei som jobbar her vil jo at vi skal lykkast med det vi driv med, og er flinke å bygge oss opp og inkludere oss som har sommarjobb. Måten kollegaane mine har møtt meg på her, skal eg i alle fall ta med meg vidare i livet. Det har alt å seie for nokon som startar med noko nytt.

Kvifor valde du å takke ja til akkurat denne jobben?

Ein sommarjobb som er så relevant til studiet mitt finn ein ikkje kvar dag, så eg måtte berre nytte sjansen. Eg var eigentleg litt usikker før eg søkte, med tanke på at om eg fekk jobben, måtte eg flytte til Sandane der SFE har hovudkontor. Eg hadde aldri vore der før, og kjende heller ingen i området. Etter eg har vore her i eit par veker kan eg berre sei med ein gong at eg har ikkje angra eit sekund. SFE har verkeleg vore på tilbodssida og hjelpt til med alt frå bustad og opplæring.

Vi er fleire sommarvikarar på ulike avdelingar, og det har vore veldig fint å ha eit nettverk med fleire nytilsette, samstundes å bli kjent med alle dei andre kollegaane mine her. Sandane er ikkje så lite som eg trudde, og sjølv om eg er sunnfjording må eg jo sei at Nordfjord er veldig fint. Eg er både veldig takknemleg for jobbtilbodet, og veldig glad for at eg takka ja!