Magnus skal evaluere effekten av sommarjobb

Ida er mini-journalist i Solund

Ein sommar med berekraft og teknologi

Vil du teste ut livet som fiskar?

Birk ønsker kollegaer til teknologileir

Treng du hjelp? Saman finn vi løysingar!

Er du under 30 år og treng hjelp frå Nav til å kome i arbeid eller fullføre utdanning? Møt nokre av ungdomsrettleiarane våre som fortel litt om kva Nav kan hjelpe deg med. 

Treng du hjelp frå Nav? Ta kontakt med ditt lokale Nav-kontor eller ring oss på telefon 55 55 33 33.

Tidleg jobberfaring: Ein vinn-vinn-situasjon

Digdir finn framtidas talent gjennom sommarjobb

I Leikanger har Digdir skapt ein unik arena for teknologiinteresserte studentar. 

Kvar sommar inviterer dei studentar til DigdirCamp, eit sommarjobbprogram som ikkje berre gir deltakarane verdifull erfaring, men som òg har vist seg å vere ei suksessoppskrift for rekruttering.

I år var det nær 140 studentar som kjempa om åtte sommarjobbstillingar.

– Det er rekord. Vi har aldri før hatt så mange søkarar som i år, fortel ein fornøgd Jørn Stenehjem i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir).

Praktisk erfaring med reelle problemstillingar

Gjennom sommaren får studentane på DigdirCamp bryne seg på faktiske IT-oppgåver under rettleiing frå erfarne utviklarar. Oppgåvene varierer frå automatisering av tilgjengelegheitskontrollar på offentlege nettsider, til å finne løysingar for å integrere ID-porten med Internet og Things (IoT).

Studentane kjem frå fleire studiestadar, inkludert NTNU i Trondheim og Gjøvik, Oxford Brooks i England, samt universiteta i Bergen, Agder, Tromsø og Sørøst-Noreg. Dei jobbar i grupper og presenterer funna sine undervegs, noko som gir både fagleg utvikling og nyttig teamerfaring. Dette gjer dei betre rusta til å møte arbeidslivet – anten i Digdir eller ein annan stad.

DigdirCamparar i gong med å løyse oppgåver.

Frå sommarjobb til fast jobb

Stenehjem stadfestar at sommarcampen fungerer som ein effektiv rekrutteringskanal.

– Dei siste åra har vi rekruttert jamt ifrå campen. Både fordi folk har søkt seg til camp og blitt verande, men òg fordi vi har fått kontakt med lokale folk som er potensielle heimflyttarar og jobbsøkarar seinare. På campen får dei teste oss, og vi får teste dei.

Sidan oppstarten av DigdirCamp har fleire studentar gått rett frå sommarjobb til fast stilling. Ein av dei er Kristoffer Svedal, som deltok på DigdirCamp i 2023 og no er tilsett i teamet for kundetenester. Han fekk først kjennskap til Digdir gjennom eit «Heim til jul»-arrangement, vart oppmoda om å søke sommarjobben – og enda opp med fast jobb.

– Det verka som ein veldig flott arbeidsplass med kjekke kollegaer og interessante oppgåver. Eg hadde ikkje lenge att av utdanninga og gav uttrykk for at eg trengte jobb. Planen min var enten å jobbe i Bergen eller i Sogn, og sidan eg vart tilboden jobb hos Digdir, vart det her, fortel han.

I dag jobbar Svedal med API-ar og webgrensesnitt for administrasjon av tilgongar og integrasjonar til ID-porten, Ansattporten og Maskinporten, som er kritiske tenester i det offentlege Noreg. Han er også ein av dei tilsette som er med på å fasilitere sommarcampen for nye studentar – og forhåpentlegvis lokke enda fleire jobbsøkarar til Digdir i framtida.

DigdirCamparar på plass på Leikanger sommaren 2023. Kristoffer Svedal i midten bak. 

Ei investering i framtida

For Digdir handlar ikkje rekruttering berre om kompetansen, men om å finne dei rette folka.

– Når studentane er under utdanning har dei eit minimum av kompetanse og erfaring, så det handlar vel så mykje om personlegdom, interesser, at ein har lyst å bu og jobbe her, og at vi finn ein god match for begge sider, seier Stenehjem.

Til arbeidsgivarar som vurderer å tilsette sommarvikarar, vil han seie at det er verdt innsatsen. Digdir har funne fleksible løysingar for å sikre god oppfølging av sommarvikarane, mellom anna ved å bruke nytilsette som kanskje ikkje treng ferie midt på sommaren, eller ved å gi bonus til dei som forskyv ferien sin.

– Vi startar òg sommarvikarane tidleg, slik at dei får to-tre veker overlapp med fagansvarlege før dei tek ferie. Ei god onboarding og bevisst oppgåveval er avgjerande for at både studentane og vi som arbeidsgjevar skal få maksimalt utbytte, avsluttar han.

Klar for eit rekrutteringsløft?

Vil du styrke rekrutteringa i di verksemd? Kanskje ein sommarjobb kan vere første steget. No kan du delta i ei stor sommarjobbkampanje, Sommarjobb i Vest. Sjå korleis du blir med i kampanjen i lenka under. Det er enkelt og heilt gratis!

Kristoffer Svedal om kva som gjer Digdir til ein attraktiv arbeidsplass:

  • Jobb med meining: Eit viktig og interessant samfunnsoppdrag i å levere fungerande digitale tenester til det offentlege Noreg.
  • Utfordrande: I dette miljøet får ein mange ulike oppgåver å bryne seg på i løpet av ein dag.
  • Omgjevnadane: Det er mykje flott natur i Sogndal og Leikanger, for dei som likar å nytte seg av det.

Bli ein iskrigar i sommar

Få din første sommarjobb hos LICC 🍦

Er du mellom 14-18 år og på jakt etter din første sommarjobb? Då har du sjansen no.

Hos LICC får du jobbe med is, møte nye vener og lære korleis arbeidslivet fungerer – samtidig som du tener dine eigne pengar. Høyrest det freistande ut?

Jobb med is i Voss eller Førde

LICC (Large Ice Cream Company) treng unge, engasjerte medarbeidarar til å bemanne sine isvogner i sommar. Ifølge Hedda Høiness i LICC fyller jobbane seg fort opp i dei større byane, men det er framleis mogleg å søke i Voss og Førde.

– Å velje mellom all den flotte ungdomen som søker er ikkje lett, fortel Hedda. – Derfor brukar vi førstemann til mølla-prinsippet når vi går gjennom søknadane. Så det løner seg å søke tidleg.

Det einaste kravet er at du er mellom 14-18 år og har lyst til å jobbe. Arbeidserfaring er ikkje nødvendig, dette er ein lågterskel sjanse for deg som vil ha din aller første jobb. 

Søk og få jobb – med video!

LICC droppar tradisjonelle jobbintervju og nyttar video-søknadar i staden. Kvifor? Fordi det viktigaste er kven du er, ikkje kva du har gjort før.

– Videoen gir oss eit inntrykk av korleis du er som person. Vi ser på haldning, innstilling og kor godt du har førebudd deg. Det viser oss at du tek jobben seriøst, seier Hedda.

Tips: Ta deg god tid til å planlege kva du vil seie, øv litt på førehand, og vis at du er engasjert og klar for utfordringa!

Kvakan du forvente deg?

Som iskrigar blir arbeidsdagane varierte. På kvar vogn jobbar det seks tilsette – éin som avdelingsleiar med ekstra ansvar, og resten som iskrigarar.

– Nokre dagar er det kø heile tida, medan andre dagar er rolegare. Du får erfaring med sal og kundebehandling, men også med rydding, vasking og fysisk arbeid.

Avdelingsleiarane har i tillegg ansvar for bestilling av is og materiell, oppdatering av vaktlister og kontakt med hovudkontoret.

– Dette er ei ekte arbeidserfaring, akkurat som i arbeidslivet. Ikkje alle dagar er like kjekke, men dei fleste synest det er veldig kjekt og lærerikt, seier Hedda.

Mobilen? Den må du leggje vekk

Vaktene varer i 4,5 timar, og medan du jobbar, blir mobiltelefonen låst inne i ein boks.

– Vi gjer dette for at du skal vere til stades og fokusere på jobben. Når du ikkje har mobilen, får du tid til å rydde, snakke med folk og utvikle deg på fleire måtar, forklarer Hedda.

Men ingen grunn til panikk – om du må ringe nokon, har vognene fasttelefon.

– Og vi har radio!

Søk sommarjobb!

Målet til LICC er å gi fleire unge moglegheita til jobberfaring. Hedda håpar mange vil sende inn søknad.

– Alle ungdomar som vil ha ein jobb, bør søke. Ikkje berre hos oss, men overalt der ute!

Siste tips:

  • Søk tidleg: Dei som er tidleg ute har størst sjanse.
  • Førebu videoen: Planlegg kva du vil seie, og vis at du er engasjert.
  • Ver deg sjølv: LICC vil sjå den verkelege deg!
  • Grip sjansen: Dette er ein unik sjanse til å få erfaring og lære om arbeidslivet på ein lavterskel måte.

Kven veit, kanskje blir denne sommaren både isande god og full av nye opplevingar?

Fleire sommarjobbar i Vestland

Om dette ikkje er draumejobben din, finn du fleire sommarjobbar her:

Ei komplett sommarjobboppleving

Vil du både tene pengar og makse ut opplevelsesbanken i sommar? Då må du sjekke ut Sognacamp.

Alle foto: Sogn Næring

Jobb på dagtid, eventyr på kveldstid

Sognacamp er ei unik sommaroppleving der du kombinerer ein spennande jobb med aktivitetar i verdas vakraste natur, og blir ein del av eit inkluderande fellesskap. I løpet av fem veker får du verdifull arbeidserfaring gjennom spennande sommarjobbar med lokale bedrifter, samstundes som du bur saman med andre studentar og får oppleve alt frå fjellturar og kajakkpadling til lokale festivalar.

Her får du med andre ord i både pose og (tur)sekk, ein unik inngang til arbeidslivet og regionen, og kanskje er det starten på eit langvarig forhold til Sogn?

Ein sommar som ser bra ut både på CV-en og på Instagram!

Henrik Skyttermoen er rådgjevar i Sogn Næring og primus motor for Sognacamp. Sjølv er han oppvaksen på austlandet, men har sidan blitt Sognefrelst og lever no livet i Sogndal med ski, fjell og jobb i skjønn harmoni. Vi har stilt han nokre spørsmål for å finne ut meir om Sognacamp.

Kven er Sognacamp for?

Sognacamp er for studentar eller dei som er i eit utdanningsløp som vil kombinere relevant arbeidserfaring med ei solid dose eventyr og spennande opplevingar. Det er for dei som likar å ha fjordutsikt til kaffikoppen om morgonen, utfordre seg sjølv både på arbeidsplassen og på fritida, og møte andre unge i same situasjon. Kort sagt: For deg som vil ha ein sommar som både ser bra ut på CV-en og på Instagram!

Kvifor skal unge velje Sognacamp i sommar?

Kvar sommar reiser tusenvis av nordmenn til Vestlandet og Sogn for å oppleve fjord, fjell og fantastiske naturopplevingar. No kan du ikkje berre feriere her – du kan bu her, tene pengar, og samtidig få jobberfaring som kan vere gull verd vidare i karrieren. Sognacamp gir deg det beste av begge verdenar: ein sommar fylt med eventyr, nye venskap og profesjonell utvikling.

Korleis vil du beskrive næringslivet og lokalmiljøet deltakarane får eit innblikk i?

Næringslivet i Sogn er ei spennande blanding av private bedrifter, statlege arbeidsplassar og kommunale tenester. Her kan du få erfaring frå alt frå innovative tech-startups og berekraftsbedrifter til viktige samfunnsroller innan offentleg sektor.

Mange av jobbane er innanfor energi, reiseliv, teknologi og offentleg administrasjon, så det finst noko for ei kvar interesse. Samtidig er ikkje Sogn berre ein plass du jobbar – det er ein plass du blir ein del av. Her helsar folk faktisk på deg på gata, og viss du ikkje møter opp på kaffimorgonen ved fjorden, kjem garantert nokon til å spørje kor du blei av. Så forbered deg på ein sommar der du ikkje berre får en jobb, men også ein liten, men meget engasjert heiagjeng på kjøpet!

Kva aktivitetar kan vi sjå fram til?

Sognacamp er full av opplevingar – både dei som gir puls og dei som senkar skuldrane. Vi startar sommaren med eit skikkeleg kick-off i Sogndal, der du blir kjent med gjengen og får ein smakebit på alt som ventar.

Gjennom campen kan du sjå fram til morgonbading og kaffi – perfekt for både morgonfuglar og dei som treng ein forfriskande dytt for å vakne. For dei som likar litt action blir det klatring på Kvam og bretur i Jostedalen. Likar du å konkurrere, kan du briljere på frisbeegolf på Kaupanger eller utfordre nokon til volleyball.

Om kvelden ventar mellom anna ein kveldstur til Molden, der du får sjå solnedgang som er verd kvar einaste høgdemeter. Og kva er vel ein sommar utan festivalar? Sognacamp tek deg med til både Bergtatt-festivalen og Fresenfestivalen, der du får musikk, stemning og kanskje ein allsong eller to.

Uansett om du er ein friluftsentusiast eller berre vil ha ein uforgløymeleg sommar, har vi noko for deg. Her får du oppleve Sogn på sitt beste – saman med ein gjeng du seint vil gløyme!

Til slutt: Dine beste tips for å få tidenes sommar i Sogn?

  • Ver utforskande og open for å prøve alt!
  • Test ut all den lokale sideren vi har!
  • Gode sko, nok solkrem, badetøy og ein sekk til å bere alt i.

Høyrest det freistande ut? Då må du søke!